onsdag 30. september 2009

SKILT TIL PRINSESSA SIN BARNEHAGE

Sist laurdag var det stor opning av prinsessa mi sin barnehage. I den forbindlese vart eg vel nærmast pålagt å lage skilt, og eg kunne nesten ikkje nekte. Tre foreldrepar er vi, og det skal vel godt gjerast at fleire av desse malar. Så då vart det meg då. Sidan eg kjempar med å få ferdig illustrasjonane til Krukkehusboka, hadde eg eigentleg verken tid eller lyst. Men skiltet vart faktisk ferdig etter effektiv jobbing nokre seine kveldar og netter. Det mest utrulege var at det var utruleg gøy :-) Eg rett storkosa meg, og vart veldig gira på å male meir akryl, for dette er eit medium eg ikkje har peiling på. Så etter forespørsel frå Tante Mimmi (www.tantemimmi.blogspot.com) om å publisere "verket", her er resultatet. Og skal eg seie det det sjølv, så er eg nauta fornøgd :-)

fredag 18. september 2009

Heklavest fra MARITHØNA





Nydeleg heklavest frå multikunstnar MARIT. Baksida har broderi og teksta "Herlighet og glede". Er den ikkje vakker? Du får kjøpt den i Krukkehuset, eller vi sender dit du måtte befinne deg.

torsdag 17. september 2009

HJERTELIG snart i Krukkehuset


Om ikkje lenge flyttat Mari Ann inn i kjellarne ilag med oss, med HJERTLIG-butikken sin. Flotte kreasjonar i tillegg til alpakkaklede og interiørprodukt. GLE DEG!!!

torsdag 10. september 2009

....og her kom det andre bildet......


Det ramla visst ut ista :-) Litt nybyrjarproblem må ein nok rekne med......her var tid for tanken.............
Sjå dei vakre orda på steinen, og ta det til deg. Dei kjem frå ein song som ei veninne av meg har skreve, Sølvi Hopland. Ho og mannen driv Ulvesund Fyr som er verdt eit besøk. www.ulvsundfyr.no
Sangteksta kjem ein annan dag

TID FOR TANKEN OG SUKKER FOR SJELA...


Syntest at desse to bilda frå Krukkehuset sa litt om akkurat det. Håper etter kvart at vi skal få legge ut mest muleg av alt det flotte vi har her, og ikkje minst dei fantastiske menneska rundt Krukkehuset!! Kva skulle vi gjort uten dei!!!! Over 20 damer frå 40 - 80 som arbeider på dugnad for huset, og har gjort det i mange år. Og ikkje minst mor Marit som er kunstnaren bak desse huene, og pappa og vektmester Per, som hjelper oss med kva det skulle vere. TUSEN TAKK!!! Alle desse skal bli presenterte etter kvart :-)

onsdag 9. september 2009


DEN NYE BLOGGVERDA ER FRYKTELEG SPENNANDE!!


Tenkte eg berre skulle legge inn ein liten smakebit frå Krukkehuset idag. Vi har så mykje flott der!!!! nydlege handlaga ting frå ulike handverkarar, flotte bilder, dei herligaste alpakkaklede, og mykje, mykje meir!! Velkomen innom :-)

mandag 7. september 2009

Velkomen til Krukkehusbloggen!!!


Tenk at vi er igang! Vi vart så inspirert av Tante Mimmi(http://www.tantemimmi.blogspot.com/) i sommar då ho var innom Krukkehuset ilag med sin kjære. Der spurte ho så fint om å få lov til å ta bilder, og frotalde så at ho hadde ein blogg. Og gjett om vi vart begeistra!! Så no er vi igang, endeleg. Litt startproblem er det nok, men eg håper at du vil følge med oss, så bedrar det seg nok etter kvart.