mandag 25. januar 2010

ENDELIG eit "vindpust" frå oasa i Ulsteinbyen


Stemning frå verkstadsloftet. Den store kofferten er frå vaktmester-Per si tid som uteseilar, og den minste er frå kjøpte Hugo på Flø i USA på loppis. Var dei ikkje fine vel ? :-)

Lys i mørket gjer alltid godt, og hjerter i laaaaange baner. Det elsker Krukkedamene :-)


Ein "GRY-engel" lyser opp ein vinterdag. Den er laga av keramikar Gry Nerland

Eit av "Marithøna" sine lekre kreasjonar. Ho lagar dei nydlegaste ting berre etter haudet :-)








Ting tek tid, det veit vi alle, og "innimyllja" tek ting enda lenger tid enn vi hadde tenkt. Sant vel?? Slik har det vore for "bloggsjefen" til Krukkehuset. Døgnet har hatt for få timar, det har vore for mange ting som måtte gjerast, og bloggargløda har dala drastisk i takt med alle "MÅANE" som måtte kome fyst. Men i kveld sovna vesletulla tidleg, samtidig som Krukkehuset sin Facebook-sjef ymta frampå om det ikkje var på tide med eit lite blogginnlegg :-) Og vips så er vi tilbake med ein liten smakebit frå ei vakker oase skapt av mange flotte damer og vaktmester Store-Per. Kos deg med smakebitar frå litt tid tilbake!!