onsdag 30. september 2009

SKILT TIL PRINSESSA SIN BARNEHAGE

Sist laurdag var det stor opning av prinsessa mi sin barnehage. I den forbindlese vart eg vel nærmast pålagt å lage skilt, og eg kunne nesten ikkje nekte. Tre foreldrepar er vi, og det skal vel godt gjerast at fleire av desse malar. Så då vart det meg då. Sidan eg kjempar med å få ferdig illustrasjonane til Krukkehusboka, hadde eg eigentleg verken tid eller lyst. Men skiltet vart faktisk ferdig etter effektiv jobbing nokre seine kveldar og netter. Det mest utrulege var at det var utruleg gøy :-) Eg rett storkosa meg, og vart veldig gira på å male meir akryl, for dette er eit medium eg ikkje har peiling på. Så etter forespørsel frå Tante Mimmi (www.tantemimmi.blogspot.com) om å publisere "verket", her er resultatet. Og skal eg seie det det sjølv, så er eg nauta fornøgd :-)

3 kommentarer:

  1. Du har all grunn til å vere fornøgd ja!!! Det var kjempefint. Trur nok ikkje at det finnest nokon annan barnehage med so fint skilt!!!!
    Klem frå Cecilie :)

    SvarSlett
  2. Så flott skilt! Du er jammen dyktig!

    Ha ein god torsdag...

    SvarSlett
  3. Utruleg flott Aina! Du er berre so flinke.:)

    Klem frå Kristin

    SvarSlett