tirsdag 6. juli 2010

KRUKKEKAREN PER

Krukkehuset har mange Krukkedamer, faktisk over 30 stk :-) Ein nydeleg bukett damer i alle aldrar. Men heldigvis så er vi så heldige å ha nokre Krukkekarar også, og det gjer seg i ein slik stor "hønseflokk". Lisje-Per, som no er blitt Store-Per, er ein flink hjelpeskar. Her om dagen pakka han ivrig ut nye varer frå kasser og bagar, som skulle ut i Krukkehusbutikken vår. Og når Store -Per pakkar ut, er det ikkje noke tull skal du vete.


Fine matbokser frå BLAFRE er pakka ut, og denne med grøne blomster var favoritten. Flotte brillehus og pungar ligg fint dandert på boksane. Ingenting er overlete til tilfeldigheitene her.


Så var alt pakka ut, flott og sirlig stilt ut etter fargar....berre synd at tante må flytte alt rundt om i hyller, bord og vinduskarmar. Men flink er han iallfall Store-Per. Det er ingen tvil om det :-)




5 kommentarer:

  1. Kor heldig eg er som er mamma til denne flinke, kjekke og flotte krukkekaren.:) Nydelege fargar og fine ting! Ikkje rart han synest det er kjekt å hjelpe ne tante.:)
    klem til deg ♥

    SvarSlett
  2. Heldig tanta og då! Som kan låne ein slik arbeidskar!
    Ser ut som det er kjekt å hjelpe til!
    Eg går berre rundt å tenkjer på den grønne sykkelen om dagen...no har eg fått ein sykkel på tunet og to grønne sprayboksar...så får me sjå....;) Litt krukke-stemning i tunet her!?

    SvarSlett
  3. Hei. Vil berre skryte av den flotte butikken og kafeen Krukkehuset. Eg har hatt ein flott dag der ilag med "almaPalma" og kosa meg stort. Handlaga gleder fikk eg med meg heim også:)

    SvarSlett
  4. Hei:)
    Luere på om dere har inne snella og petronella øredobber jeg;)

    Er så greit å kunne gå i en butikk å kjøpe♥

    Ønsker dere en flott ettermiddag

    SvarSlett
  5. Takk for at du skreiv på bloggen min! Berre kjekt å skryte ta dokke som e so kjekke og he so mykje fint.
    Ej e nok fødde i Vik ej Aina, så langt opp ein kunne kome før ein va på fjellet(den gongen) - utvandra til Hareid då ej va to...
    Ser på FB at dokke helde på å gjere om i butikken, lykke til! Blir spennende å sjå resultatet.

    SvarSlett