
Stemning frå verkstadsloftet. Den store kofferten er frå vaktmester-Per si tid som uteseilar, og den minste er frå kjøpte Hugo på Flø i USA på loppis. Var dei ikkje fine vel ? :-)


Ein "GRY-engel" lyser opp ein vinterdag. Den er laga av keramikar Gry Nerland

Ting tek tid, det veit vi alle, og "innimyllja" tek ting enda lenger tid enn vi hadde tenkt. Sant vel?? Slik har det vore for "bloggsjefen" til Krukkehuset. Døgnet har hatt for få timar, det har vore for mange ting som måtte gjerast, og bloggargløda har dala drastisk i takt med alle "MÅANE" som måtte kome fyst. Men i kveld sovna vesletulla tidleg, samtidig som Krukkehuset sin Facebook-sjef ymta frampå om det ikkje var på tide med eit lite blogginnlegg :-) Og vips så er vi tilbake med ein liten smakebit frå ei vakker oase skapt av mange flotte damer og vaktmester Store-Per. Kos deg med smakebitar frå litt tid tilbake!!
Bilda dåkka er fylt med livsglede og energi .. nydelige ... Flittige damer ... Har ikke vert innom krukkehuset enda.men forstår at det må eg .. :O)
SvarSlett:) Hærleg!
SvarSlettFlotte og inspirerande bilder!!
Psst! Ein bloggar berre når ein vil og har lyst! Ingen skulle-burde-måtte her!
Kjekt å se liv på bloggen igjen. Følger dere på Facebook også, Krukkehuset er bare en perle i Ulsteinvik. Synd jeg får så sjelden sjansen å stikke innom. Godt å ha slekt som kan handle for meg når det dukker opp spennende ting på et foto.
SvarSlettKor fint det var oppe på loftet.:) Nydelige bilder som vanleg! Krukkehuset er verkeleg ein oase!
SvarSlettVar på utstillinga til Aina og Marit i Fosnavågen i dag. Fantastisk å kome inn i rommet der bileta hang! Ein eksplosjon av fargar og inntrykk.:) De er utruleg flinke!
God helg alle saman.:)
Takk for fine helsingar :-) Det går tregt her i garden for tida, men eg ska ta til meg orda dine Tante Mimmi :-) Hendene og haudet fullt, så då vert det vekkprioritert. Men for deg som er på facebook, så er der flotte bilder frå utstillinga no. Eg er kameralaus og dermed fryktleg helpeslaus for tida :-( Ha ein god dag!
SvarSlettKrukkehuset ser heilt fantastisk spanande og inspirerande ut!
SvarSlettHa ei god helg! :)
heia:) likte so godt d maleriet bak "gry engelen".. he dk noke meir info om d? kan dk legge ut et eget bilde av d kanskje?
SvarSlett