For nokre dagar sidan kom det ein særs overraskande, men veldig hyggleg telefon. Det var årets arrangør av Kvinnedagen i Ulstein og Hareid som var på tråden i den andre enden. Og her er dei gledelege orda som kom gjennom telefonrøret.
"I år har vi bestemt oss for at Krukkedamene skal få Kvinneprisen" HIPP HURRA!!!!! Krukkedamene kom i gong då Krukkehuset opna for ca. 10 år sidan. Det er damene som driv laurdagskafèen i Krukkehuset, og gjer ein utruleg jobb for at Krukkehuset kan vere i drift og er eit levande hus. Bodil Hauge er ei av dei som har vore med frå starten, og ho tok imot prisen. Eit flott innerama bevis, og den fine planta.
Her er den flotte grunngjevinga :-):
"Krukkehuset tek i vare og fornyar kulturarven, og er eit forbilde på dugnadsånd og fellesskap i lokalsamfunnet
Kjenn den gode varmen på kalde vinterdagar
Opplev atmosfæra
Lær om kvinnerolla og kulturarven gjennom fokus på tradisjonar og kreativ idèmyldring"
Gjett om vi er stolte!!!
Ein flott liten bukett av dei 33 damene som er med blant Krukkedamene. Vi er frå 42 til 82 år, og har det veldig kjekt ilag. Kvar mnd. prøver vi å treffast og gjere noke trivileg saman. Nyleg var vi på besøk på Hide Gard & Glasdesign og laga flotte fuglar, og snart skal vi til Stine på den flotte blomsterbutikken Blomster & Gaver og gjere eitkvart spennade der :-)
Mor og datter Marit og Aina, er dei som starta Krukkehuset, ilag med far Per. Han er einaste "hanen i korga" i Krukkehuset. Tusenkunstnar som ordnar og fiksar, og ein vi ikkje greier oss utan. Burde eigentleg vere der han også :-)
VELKOMEN INNOM Krukkehuset ALLE SAMAN :-)