torsdag 31. mars 2011

PÅ VANDRING......

...rundt i det fine huset vårt. Mange veit ikkje at dei går glipp av noko om dei ikkje tek turen opp i etasjane. VELKOMEN OPP den gule trappa!!
......og inn i den raude stova

Her kvitrar RICE- og PIPfuglar i skjønn forening, medan AlmaPalmaenglar i herlege fargar svevar rundt. Her er det GODT Å VERE :-) 
VELKOMEN opp trappa du også :-) 

torsdag 24. mars 2011

MALEbursdagsfest

Du kan tru vi hadde det kjekt i går då maleklubben feira Ann Lisbeth sin bursdag, og eg var så heldig å få vere med med på moroa. Kunstnarvennen vår ROY DAHL kom som inspirator, og var litt av bursdagspresangen til jubilanten. Fulle av inspirasjon, mala vi så det spruta, så her er det berre å gle seg til å sjå resultata folkens :-)


Cecilie, Wiviann, Ann Lisbeth, Bjørg, Anne Lise og underteikna hadde ein aldeles strålande kveld. Sjølv sjefskunstnaren var full av ny inspirasjon etter ein kveld ilag med hønseflokken. Du kan lese meir om Roy på www.royandreasdahl.com. Vi gler oss alt til neste maletreff :-)

Helsing frå ei inspirert malaraina