mandag 20. september 2010
Namm,namm!!!!
Då ungdomskulen avslutta for feiren, fekk vi Krukkehusdamene ei særs hyggeleg overasking :-) Vi fekk alle kakebotnane som låg att i frysa etter skulekjøkenet. Ikkje verst alstå!!! Sidan vi driv kafèen på dugnad og det nærma seg sommarferie, var dette ekstra kjærkome. No var det berre å ta opp ein botn, "stæsje" med litt pynt og freiste dei besøkande. Og skal seie det har vore mange lekkerbiskar av gåva vi fekk :-)
Men ei slik fin gåve måtte få ei TAKK, så vi laga til ein liten fargeklatt med festlege saker frå butikken vår - ein til kvar "stasjon" på skulekjøkkenet.
Krukkedamene Marit og Eli med ei av lekkerbiskane dei har trylla fram av ungdomane sine kakebotnar. Nam,namm.......................................................................................
tirsdag 6. juli 2010
KRUKKEKAREN PER
Krukkehuset har mange Krukkedamer, faktisk over 30 stk :-) Ein nydeleg bukett damer i alle aldrar. Men heldigvis så er vi så heldige å ha nokre Krukkekarar også, og det gjer seg i ein slik stor "hønseflokk". Lisje-Per, som no er blitt Store-Per, er ein flink hjelpeskar. Her om dagen pakka han ivrig ut nye varer frå kasser og bagar, som skulle ut i Krukkehusbutikken vår. Og når Store -Per pakkar ut, er det ikkje noke tull skal du vete. 
mandag 24. mai 2010
KVIRREVIRREVITT........
Tenk at vårsola endeleg kikka fram til oss her om dagen :-) Og det var faktisk virkeleg VÅRSOL mef stor V!! Vi kunne til og med kaste strømpene, så deilig var det! Våryr som eg vart av sol, varme og fulgekvitter, tok eg til å tenke på at vi omga oss med fuglar både av eine og andre slaget i Krukkehuset. Her skal du få møte nokre av dei :-)
I vinduskarmen, midt i solstrålane, kosa ei nålputehøne frå RICE seg, og oppe på maleloftet dansa det blåfuglar og andre fjørkledde skapningar rundt på eit stort maleri som Marithøna (Marit S. Moldskred) heldt på med. Det skal vere klart til utsilllinga VÅRSØG, som opnar i Krukkehuset no onsdag.
Nede i butikken dukka det fram ein bedårande liten fugl på RICE sin fantastiske turkise lysestake :-) Det er den som er så "too much" at ein berre må like den :-)
I stova svevar det ein nydeleg fugl på Cecilie (www.ceciliebb.blogspot.com) sitt maleri. På himmelen bak står den kveldsbøna "Kjære Gud tak handa mi, slepp ho aldri ut av di.....". Heldig er den som vår dette bildet over senga si.
Og rundt om kring i greiner i heile huset, flyg Kristin (www.alma--palma.blogspot.com) sine AlmaPalma-fulgar laga av gjenbrukmaterialer.
lørdag 15. mai 2010
EIN KLEM....
mandag 12. april 2010
onsdag 31. mars 2010
GODE PÅSKEDAGAR
.....ynskjer alle vi damene i Krukkehuset deg og dine. Nyt vårteikna som dukkar fram, opne alle sansane, og kjenn at våren er god :-)

Den fine høna er laga av Kristin Nytun Moldskred, og er like fine året rundt. Sjå gjerne meir på www.alma--palma.blogspot.com.
tirsdag 30. mars 2010
INGEN KAN TA PLASSEN DIN I HJERTET MITT
Sølvi Helen Hopland frå Måløy og Ulvesund Fyr (http://www.ulvesundfyr.no/) har laga ein utruleg vakker song med denne teksa. Vi Krukkehus-skaparane er fortsatt like glad i hjerter, og her kjem ein fortsettelse med gode hjerter i alle fargar og fasongar, som du kan finne i Krukkehuset .Hjertet her er laga av Barbro Tahlrot, og det nydlege bildet i bakgrunnen av Bjørg Hånes.
"Ingen kan ta plassen din i hjertet mitt "
Hjertelig som held til i Krukkehuskkjellaren ilag med Krukkehusbutikken, har hjertekjolar frå ulike desginarar. Her er det Ruth Røssevoll sin kjole med Kjærleik brodert på.
Svoltne magar vert yrandes glade for å få ei grov deilig Krukkehusskjeve :-)
Cecilie Bjørnerem Brandal lagar dei nydlegaste pulspynt i ulike fargar. Her ser du ein ny variant ho har utvikla no, med hjerte som er applikert på. Cecilie har eigen blogg der du kan følge med på kav ho lagar http://www.ceciliebb.blogspot.com/.
Gry Nerland er keramikar og bur på Nerlandsøya. Der har ho også verkstaden sin og Galleri Virvelvind. Også Gry benytter hjerter i kermaikken sin. Her ser du frodige hjerteenglar med virvlande hår :-) - uti Herøy der Gry bur, bles det nemleg støtt. Iallefall nesten.
Du er så god, og eg er så glad i deg, du er ein venn for livet"
Eit lite utrad frå den nydlege songen til Sølvi Helen Hopland. Bildet er det Ann Lisbeth Giske Flem som har laga.
Hjerter på krukker, skåler og fat, og nydlege dinglande hjerter som svever i greiner over dei besøkande, og spreier glede og hjartevarme til alle som stikk innom. Gunnhild Falk har laga dette nydlege hjertet - HUSK AT DU ER HEILT UNIK, OG INGEN KAN TA PLASSEN DIN I HJERTET TIL DEI SOM ER GLADE I DEG :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
