torsdag 24. mars 2011

MALEbursdagsfest

Du kan tru vi hadde det kjekt i går då maleklubben feira Ann Lisbeth sin bursdag, og eg var så heldig å få vere med med på moroa. Kunstnarvennen vår ROY DAHL kom som inspirator, og var litt av bursdagspresangen til jubilanten. Fulle av inspirasjon, mala vi så det spruta, så her er det berre å gle seg til å sjå resultata folkens :-)


Cecilie, Wiviann, Ann Lisbeth, Bjørg, Anne Lise og underteikna hadde ein aldeles strålande kveld. Sjølv sjefskunstnaren var full av ny inspirasjon etter ein kveld ilag med hønseflokken. Du kan lese meir om Roy på www.royandreasdahl.com. Vi gler oss alt til neste maletreff :-)

Helsing frå ei inspirert malaraina

onsdag 13. oktober 2010

ER VI IKKJE HELDIGE.....

som får slike fine helsingar i gjesteboka vår :-)
Vi helsar TUSEN TAKK med eit "Bjørghjerte", til alle dei har lagt att vakre oppmuntrande ord til oss i boka vår. Dei gir inspirasjon til vegen vidare :-)

Varme helsingar frå alle oss
Krukkedamene



torsdag 7. oktober 2010

DU ER EIN BLOME.....

........i Guds hage, så fargerik og finOg blant mimosar og syriner
er denne plassen som er din
Du ska`kje flyttast eller fjernast
du e`kje kun til bry
Du ska`kje kvelast eller skjulast
men stå i blomst og vere DU
-Sølvi H. Hopland-

DU er til glede ved å vere den du er og blomstre der du er.
Du har ein plass som ingen andre kan fylle. HUSK ALLTID DET :-)

søndag 3. oktober 2010

STEMNINGAR

"Det finnes

så utrolig mye

skjønnet

i verden...

...Åpne øynene dine
og se den"








fredag 24. september 2010

"FRYD FOR AUGET....



.......sukker for sjela

tid for tanken

farge til livet"



VELKOMEN TIL EI GOD STUND SAMAN MED OSS :-)

mandag 20. september 2010

Namm,namm!!!!

Då ungdomskulen avslutta for feiren, fekk vi Krukkehusdamene ei særs hyggeleg overasking :-) Vi fekk alle kakebotnane som låg att i frysa etter skulekjøkenet. Ikkje verst alstå!!! Sidan vi driv kafèen på dugnad og det nærma seg sommarferie, var dette ekstra kjærkome. No var det berre å ta opp ein botn, "stæsje" med litt pynt og freiste dei besøkande. Og skal seie det har vore mange lekkerbiskar av gåva vi fekk :-)


Men ei slik fin gåve måtte få ei TAKK, så vi laga til ein liten fargeklatt med festlege saker frå butikken vår - ein til kvar "stasjon" på skulekjøkkenet.


Krukkedamene Marit og Eli med ei av lekkerbiskane dei har trylla fram av ungdomane sine kakebotnar. Nam,namm.......................................................................................



VELKOMEN INNOM for fleire godbitar :-)



tirsdag 6. juli 2010

KRUKKEKAREN PER

Krukkehuset har mange Krukkedamer, faktisk over 30 stk :-) Ein nydeleg bukett damer i alle aldrar. Men heldigvis så er vi så heldige å ha nokre Krukkekarar også, og det gjer seg i ein slik stor "hønseflokk". Lisje-Per, som no er blitt Store-Per, er ein flink hjelpeskar. Her om dagen pakka han ivrig ut nye varer frå kasser og bagar, som skulle ut i Krukkehusbutikken vår. Og når Store -Per pakkar ut, er det ikkje noke tull skal du vete.


Fine matbokser frå BLAFRE er pakka ut, og denne med grøne blomster var favoritten. Flotte brillehus og pungar ligg fint dandert på boksane. Ingenting er overlete til tilfeldigheitene her.


Så var alt pakka ut, flott og sirlig stilt ut etter fargar....berre synd at tante må flytte alt rundt om i hyller, bord og vinduskarmar. Men flink er han iallfall Store-Per. Det er ingen tvil om det :-)