mandag 25. januar 2010

ENDELIG eit "vindpust" frå oasa i Ulsteinbyen


Stemning frå verkstadsloftet. Den store kofferten er frå vaktmester-Per si tid som uteseilar, og den minste er frå kjøpte Hugo på Flø i USA på loppis. Var dei ikkje fine vel ? :-)

Lys i mørket gjer alltid godt, og hjerter i laaaaange baner. Det elsker Krukkedamene :-)


Ein "GRY-engel" lyser opp ein vinterdag. Den er laga av keramikar Gry Nerland

Eit av "Marithøna" sine lekre kreasjonar. Ho lagar dei nydlegaste ting berre etter haudet :-)








Ting tek tid, det veit vi alle, og "innimyllja" tek ting enda lenger tid enn vi hadde tenkt. Sant vel?? Slik har det vore for "bloggsjefen" til Krukkehuset. Døgnet har hatt for få timar, det har vore for mange ting som måtte gjerast, og bloggargløda har dala drastisk i takt med alle "MÅANE" som måtte kome fyst. Men i kveld sovna vesletulla tidleg, samtidig som Krukkehuset sin Facebook-sjef ymta frampå om det ikkje var på tide med eit lite blogginnlegg :-) Og vips så er vi tilbake med ein liten smakebit frå ei vakker oase skapt av mange flotte damer og vaktmester Store-Per. Kos deg med smakebitar frå litt tid tilbake!!

torsdag 5. november 2009

SMAKEBITAR











I hektiske kvardagar er det ikkje alltid lett å kome rundt med det ein har lyst til. Det kjenner vi vel alle til ikkje sant? Å huske å ta desse små pusteroma er noko av det vi ynskjer i Krukkehuset.....tid for tanken....sukker for sjela....her er nokre smakebitar. Kos deg :-)

onsdag 7. oktober 2009

ENDA EIN HEKLAVEST







MARITHØNA er ei produktiv kjelle, og lagar dei nydlegaste kreasjonar berre etter fantasien. Her ser du den siste vesten ho laga. Den er til ein god kunde som heiter Iris, som er like hekta på alpakkagarn som det vi er. Marithøna lagar slike vestar på bestilling, eller du kan finne tilsvarande i Krukkhuset og på Sandvikgarden. Adressa til Marithøna er post@maritmoldskred.no om du skulle la deg freiste av ein slik lekker sak :-)

onsdag 30. september 2009

SKILT TIL PRINSESSA SIN BARNEHAGE

Sist laurdag var det stor opning av prinsessa mi sin barnehage. I den forbindlese vart eg vel nærmast pålagt å lage skilt, og eg kunne nesten ikkje nekte. Tre foreldrepar er vi, og det skal vel godt gjerast at fleire av desse malar. Så då vart det meg då. Sidan eg kjempar med å få ferdig illustrasjonane til Krukkehusboka, hadde eg eigentleg verken tid eller lyst. Men skiltet vart faktisk ferdig etter effektiv jobbing nokre seine kveldar og netter. Det mest utrulege var at det var utruleg gøy :-) Eg rett storkosa meg, og vart veldig gira på å male meir akryl, for dette er eit medium eg ikkje har peiling på. Så etter forespørsel frå Tante Mimmi (www.tantemimmi.blogspot.com) om å publisere "verket", her er resultatet. Og skal eg seie det det sjølv, så er eg nauta fornøgd :-)

fredag 18. september 2009

Heklavest fra MARITHØNA





Nydeleg heklavest frå multikunstnar MARIT. Baksida har broderi og teksta "Herlighet og glede". Er den ikkje vakker? Du får kjøpt den i Krukkehuset, eller vi sender dit du måtte befinne deg.

torsdag 17. september 2009

HJERTELIG snart i Krukkehuset


Om ikkje lenge flyttat Mari Ann inn i kjellarne ilag med oss, med HJERTLIG-butikken sin. Flotte kreasjonar i tillegg til alpakkaklede og interiørprodukt. GLE DEG!!!

torsdag 10. september 2009

....og her kom det andre bildet......


Det ramla visst ut ista :-) Litt nybyrjarproblem må ein nok rekne med......her var tid for tanken.............
Sjå dei vakre orda på steinen, og ta det til deg. Dei kjem frå ein song som ei veninne av meg har skreve, Sølvi Hopland. Ho og mannen driv Ulvesund Fyr som er verdt eit besøk. www.ulvsundfyr.no
Sangteksta kjem ein annan dag