fredag 24. september 2010

"FRYD FOR AUGET....



.......sukker for sjela

tid for tanken

farge til livet"



VELKOMEN TIL EI GOD STUND SAMAN MED OSS :-)

mandag 20. september 2010

Namm,namm!!!!

Då ungdomskulen avslutta for feiren, fekk vi Krukkehusdamene ei særs hyggeleg overasking :-) Vi fekk alle kakebotnane som låg att i frysa etter skulekjøkenet. Ikkje verst alstå!!! Sidan vi driv kafèen på dugnad og det nærma seg sommarferie, var dette ekstra kjærkome. No var det berre å ta opp ein botn, "stæsje" med litt pynt og freiste dei besøkande. Og skal seie det har vore mange lekkerbiskar av gåva vi fekk :-)


Men ei slik fin gåve måtte få ei TAKK, så vi laga til ein liten fargeklatt med festlege saker frå butikken vår - ein til kvar "stasjon" på skulekjøkkenet.


Krukkedamene Marit og Eli med ei av lekkerbiskane dei har trylla fram av ungdomane sine kakebotnar. Nam,namm.......................................................................................



VELKOMEN INNOM for fleire godbitar :-)



tirsdag 6. juli 2010

KRUKKEKAREN PER

Krukkehuset har mange Krukkedamer, faktisk over 30 stk :-) Ein nydeleg bukett damer i alle aldrar. Men heldigvis så er vi så heldige å ha nokre Krukkekarar også, og det gjer seg i ein slik stor "hønseflokk". Lisje-Per, som no er blitt Store-Per, er ein flink hjelpeskar. Her om dagen pakka han ivrig ut nye varer frå kasser og bagar, som skulle ut i Krukkehusbutikken vår. Og når Store -Per pakkar ut, er det ikkje noke tull skal du vete.


Fine matbokser frå BLAFRE er pakka ut, og denne med grøne blomster var favoritten. Flotte brillehus og pungar ligg fint dandert på boksane. Ingenting er overlete til tilfeldigheitene her.


Så var alt pakka ut, flott og sirlig stilt ut etter fargar....berre synd at tante må flytte alt rundt om i hyller, bord og vinduskarmar. Men flink er han iallfall Store-Per. Det er ingen tvil om det :-)




mandag 24. mai 2010

KVIRREVIRREVITT........

Tenk at vårsola endeleg kikka fram til oss her om dagen :-) Og det var faktisk virkeleg VÅRSOL mef stor V!! Vi kunne til og med kaste strømpene, så deilig var det! Våryr som eg vart av sol, varme og fulgekvitter, tok eg til å tenke på at vi omga oss med fuglar både av eine og andre slaget i Krukkehuset. Her skal du få møte nokre av dei :-) I vinduskarmen, midt i solstrålane, kosa ei nålputehøne frå RICE seg, og oppe på maleloftet dansa det blåfuglar og andre fjørkledde skapningar rundt på eit stort maleri som Marithøna (Marit S. Moldskred) heldt på med. Det skal vere klart til utsilllinga VÅRSØG, som opnar i Krukkehuset no onsdag.
Nede i butikken dukka det fram ein bedårande liten fugl på RICE sin fantastiske turkise lysestake :-) Det er den som er så "too much" at ein berre må like den :-)
I stova svevar det ein nydeleg fugl på Cecilie (www.ceciliebb.blogspot.com) sitt maleri. På himmelen bak står den kveldsbøna "Kjære Gud tak handa mi, slepp ho aldri ut av di.....". Heldig er den som vår dette bildet over senga si.
Og rundt om kring i greiner i heile huset, flyg Kristin (www.alma--palma.blogspot.com) sine AlmaPalma-fulgar laga av gjenbrukmaterialer.


Kvirrevirretvitt, nyt vårdagane, og velkomen innom oss i Krukkehuset om vårstemninga skulle mangle ute :-)



lørdag 15. mai 2010

EIN KLEM....

.....for vennskap er å bry seg om ....heiter det i resten av verset. Eit lite godord på eit av kafèborda i Krukkehuset, som minner oss på at vi må huske å sette pris på kvarandre i ein hektisk kvardag.

mandag 12. april 2010

LOVE IS IN THE AIR.....















.........EVERYWHERER I LOOK AROUND.............Kos deg med smakebitar frå Krukkehuset

(maleri av Laila Solhaug, englebilde av Bjørg R. Hånes, hjertepledd frå Klippan, hjerte frå Alma Palma og Kristin Nytun Moldskred, hjerte-tights frå Ruth Røssevoll)



onsdag 31. mars 2010

GODE PÅSKEDAGAR

.....ynskjer alle vi damene i Krukkehuset deg og dine. Nyt vårteikna som dukkar fram, opne alle sansane, og kjenn at våren er god :-)

Den fine høna er laga av Kristin Nytun Moldskred, og er like fine året rundt. Sjå gjerne meir på www.alma--palma.blogspot.com.