fredag 12. februar 2010

ALLE HJERTER GLEDER SEG


Det er alltid kjekt med forandring...iallefall likar vi damer det :-) Og forandring er det blitt i Krukkehuset denne veka. Vi er like forundra kvar gong over kor annaleis stuene vert når ei ny utstilling kjem opp. Denne gongen feirer vi Fado-festivalen, morsdag og alle hjerters dag med utstillinga "Alle hjerter gleder seg". Og du kan tru der vart flott!!! Her får du ein bitteliten samkebit av bildet som Cecilie har laga. Du finn link til bloggen henna på lista vår. Så sjølv om det er kalde dagar, så er det mykje varme innanhus i Ulsteinvik for tida. Og du, fleire bilder frå utstillinga kan du sjå på Krukkehuset si facebook-sida. Velkomen innom då!!

3 kommentarer:

  1. Ja, på Krukkehuset vert ein stadig forbausa på kor flott, nytt og annleis det er, nesten kvar gong ein er der. Spanande å kome dit! Og sukker for sjela! Nydeleg hjerte av Cecilie!

    SvarSlett
  2. Ja det var utruleg flott å kome på Krukkehuset no til ny og fargerik utstilling! Mange flinke damer som malar.:)

    SvarSlett
  3. må snart innom dit igjen...
    beste plassen i heile VIK!!!! :-)

    SvarSlett