søndag 28. mars 2010

Lukk opp din hjertedør

......og slipp solen inn........la deg glede og varme av hjerter i alle fasongar og farger i Krukkehuset. Huset er fyllt av store og små hjerter frå kjeller til loft. Her ser du ei flott hjerteveske som Bjørg Hånes har laga. Ei veske som vil spre glede der ho måtte vandre :-)


I kafèen kan du kose deg med ein god kopp kaffi, deilig kopp te, og kanskje varme vaffelhjerter




Vakker pulspynt som Cecilie Bjørnerem Brandal har laga. Ofte er dei med ein liten ordknapp frå Snella & Petronella. Cecilie har eigen blogg som du kan kikke innom www.ceciliebb.blogspot.com.






Flott hjertepledd frå svenske Klippan. Det finn du i Krukkehusbutikken i kjellaren. Her finn du også LOVE-teksta, som kjem frå ei flott kjole frå Chill Norway. Den har Hjertelig som deler kjellaren med Krukkehuset. Absolutt ein favorittkjole, i deilig mjuk frottè. HUSK, lukk opp din hjertedør!!!


fredag 26. mars 2010

Bevar hjertet ditt framfor alt du bevarer........

......for livet går utifrå det . I Krukkehuset elsker vi hjerter :-)! Her skal du få ein liten smakebit frå oss.




Eit Barbrohjerte som svevar i ei grein over disken i Krukkehuset, og ønsker alle varmt velkomen inn :-)


Hjertelig, som held til i kjellaren i lag med Krukkehusbutikken, har hjerteklede frå Chill og Ruth Røssevoll. Vakker detalj frå ein av kjolane.



Ulltøfflene frå TOVA (www.tova.no) varmar også hjartet. Dei er laga under rettfredige forhold i Mongolia. Bak TOVA står Margunn og Ingar Eide, eit flott par som arbeidde som misjonærar der, og starta kvinnearbeidsplassar. Seinare har dei oppretta TOVA, og har eige arbeidsplassar i Mongolia som lagar tøffler som varmar føter og hjarte på norske barn, kvinner og menn. Dei står bak Jul i Svingen, Blåfjell, Solan, og her ser du hjertetøffla.






Vår svendske Krukkedame Barbro, er ein tryllekunstnar ved symaskina. Her har ho laga eit nydeleg hjarte - til å bli glad av :-)


Vakkert bilde med gode ord, mala av Kathrine Sætrenes.

fredag 12. mars 2010

KRUKKEDAMENE FÅR KVINNEPRISEN 2010

For nokre dagar sidan kom det ein særs overraskande, men veldig hyggleg telefon. Det var årets arrangør av Kvinnedagen i Ulstein og Hareid som var på tråden i den andre enden. Og her er dei gledelege orda som kom gjennom telefonrøret. "I år har vi bestemt oss for at Krukkedamene skal få Kvinneprisen" HIPP HURRA!!!!!

Krukkedamene kom i gong då Krukkehuset opna for ca. 10 år sidan. Det er damene som driv laurdagskafèen i Krukkehuset, og gjer ein utruleg jobb for at Krukkehuset kan vere i drift og er eit levande hus. Bodil Hauge er ei av dei som har vore med frå starten, og ho tok imot prisen. Eit flott innerama bevis, og den fine planta.


Her er den flotte grunngjevinga :-):
"Krukkehuset tek i vare og fornyar kulturarven, og er eit forbilde på dugnadsånd og fellesskap i lokalsamfunnet
Kjenn den gode varmen på kalde vinterdagar
Opplev atmosfæra
Lær om kvinnerolla og kulturarven gjennom fokus på tradisjonar og kreativ idèmyldring"
Gjett om vi er stolte!!!


Ein flott liten bukett av dei 33 damene som er med blant Krukkedamene. Vi er frå 42 til 82 år, og har det veldig kjekt ilag. Kvar mnd. prøver vi å treffast og gjere noke trivileg saman. Nyleg var vi på besøk på Hide Gard & Glasdesign og laga flotte fuglar, og snart skal vi til Stine på den flotte blomsterbutikken Blomster & Gaver og gjere eitkvart spennade der :-)


Mor og datter Marit og Aina, er dei som starta Krukkehuset, ilag med far Per. Han er einaste "hanen i korga" i Krukkehuset. Tusenkunstnar som ordnar og fiksar, og ein vi ikkje greier oss utan. Burde eigentleg vere der han også :-)
VELKOMEN INNOM Krukkehuset ALLE SAMAN :-)



fredag 12. februar 2010

ALLE HJERTER GLEDER SEG


Det er alltid kjekt med forandring...iallefall likar vi damer det :-) Og forandring er det blitt i Krukkehuset denne veka. Vi er like forundra kvar gong over kor annaleis stuene vert når ei ny utstilling kjem opp. Denne gongen feirer vi Fado-festivalen, morsdag og alle hjerters dag med utstillinga "Alle hjerter gleder seg". Og du kan tru der vart flott!!! Her får du ein bitteliten samkebit av bildet som Cecilie har laga. Du finn link til bloggen henna på lista vår. Så sjølv om det er kalde dagar, så er det mykje varme innanhus i Ulsteinvik for tida. Og du, fleire bilder frå utstillinga kan du sjå på Krukkehuset si facebook-sida. Velkomen innom då!!

mandag 25. januar 2010

ENDELIG eit "vindpust" frå oasa i Ulsteinbyen


Stemning frå verkstadsloftet. Den store kofferten er frå vaktmester-Per si tid som uteseilar, og den minste er frå kjøpte Hugo på Flø i USA på loppis. Var dei ikkje fine vel ? :-)

Lys i mørket gjer alltid godt, og hjerter i laaaaange baner. Det elsker Krukkedamene :-)


Ein "GRY-engel" lyser opp ein vinterdag. Den er laga av keramikar Gry Nerland

Eit av "Marithøna" sine lekre kreasjonar. Ho lagar dei nydlegaste ting berre etter haudet :-)








Ting tek tid, det veit vi alle, og "innimyllja" tek ting enda lenger tid enn vi hadde tenkt. Sant vel?? Slik har det vore for "bloggsjefen" til Krukkehuset. Døgnet har hatt for få timar, det har vore for mange ting som måtte gjerast, og bloggargløda har dala drastisk i takt med alle "MÅANE" som måtte kome fyst. Men i kveld sovna vesletulla tidleg, samtidig som Krukkehuset sin Facebook-sjef ymta frampå om det ikkje var på tide med eit lite blogginnlegg :-) Og vips så er vi tilbake med ein liten smakebit frå ei vakker oase skapt av mange flotte damer og vaktmester Store-Per. Kos deg med smakebitar frå litt tid tilbake!!

torsdag 5. november 2009

SMAKEBITAR











I hektiske kvardagar er det ikkje alltid lett å kome rundt med det ein har lyst til. Det kjenner vi vel alle til ikkje sant? Å huske å ta desse små pusteroma er noko av det vi ynskjer i Krukkehuset.....tid for tanken....sukker for sjela....her er nokre smakebitar. Kos deg :-)

onsdag 7. oktober 2009

ENDA EIN HEKLAVEST







MARITHØNA er ei produktiv kjelle, og lagar dei nydlegaste kreasjonar berre etter fantasien. Her ser du den siste vesten ho laga. Den er til ein god kunde som heiter Iris, som er like hekta på alpakkagarn som det vi er. Marithøna lagar slike vestar på bestilling, eller du kan finne tilsvarande i Krukkhuset og på Sandvikgarden. Adressa til Marithøna er post@maritmoldskred.no om du skulle la deg freiste av ein slik lekker sak :-)